OGRAS

Ogras treff stadig fleire som eit umiddelbart favorittband, med sitt fengande og særpregede musikalske uttrykk, og sine alltid energiske konsertar.

Etter plateutgivingane «Compadre» (2018) og «No Love in the City» (2020) har Ogras vakt begeistring over alt kor dei har reist – på festival- og klubbscener, i kulturhus og bakgårdar.

Musikken tar deg med over balkanske vidder, innom støvete sirkustelt og irske pubar – men alltid med føtene godt planta i rock og punk, driven fram av ein engasjerande frontmann og eit dynamisk besetning av gitar, bass, trommer og tangentar, trompet, mandolin, fele og banjo.

Publikum på Steinkjerfestivalen, Raumarock, Livestock, Moldejazz, Skjærvafest, Utkantfestivalen, Krøsset m.fl. er blant dei som så langt har opplevd Ogras live – og som kan vitne om ein eneståande, god og smittande stemning på og framfor scena.

Eit «hateføk» med allsang, dans og ein lykkerus som blir verande i kroppen til neste morgon.

No Love in the City blei kåra til årets album 2020 av både London Celtic Punks (UK) og Paddyrock.com (US).

Forrige
Forrige

MAY