MAY
Klar for å oppdage Norges neste store popstjerne? Etter å ha blitt «Månedens Urørt» på NRK P3, hatt fleire A-listingar, gått viral på TikTok og spelt på VG-lista, har May på kort tid markert seg som eit av landets mest spennande nye talent!
I tillegg har ho allereie rukke å toppe Spotify-listene med superhiten «Galopp» – eit samarbeid med Arif, Stig Brenner og Coucheron – som klatra heilt opp til 6. plass på topp 50 i Norge.
Bak artistnamnet May finn vi 21 år gamle Margrethe Frich frå Oslo. Som låtskrivar har ho jobba med nokre av dei største artistane i landet (bl.a. Chris Holsten, Emma Steinbakken, Makosir og Alessandra), og i 2023 vann ho prisen for Årets TONO-låtskrivartalent.
Ho imponerer ikkje berre som låtskrivar – kommentarfelta på TikTok-kanalen hennar fløymer over av likes og lovord fra både lyttarar og verdensstjerner som Sabrina Carpenter og Tate McRae, som blir slått av bakken av stemma hennar.
Med leikne melodiar, ærlege tekstar og ein forkjærleik for pop gir May oss lydsporet til seine sommarkveldar – musikk du garantert vil danse til i solnedgangen.
Vi gler oss til å ønske ho velkommen til Sytalaust 2026!