MARTi
MARTi er pop-rock frå ei it-girl gone wild – ho skriv og syng om mental helse og livet utan filter.
Med brutal ærlighet, energi, angst, humor, overtenking og dagbokbekjenningar skapar ho musikk for deg som vil feste og danse mens maskaraen renn.
Musikken hennar er både sårbar og fryktlaus – eit soundtrack til det vakre rotet det er å vere menneske. Den er intens, morosam og til tider smertefullt ærleg. Intensiteten kjem frå å ikkje passe inn, frå å kjenne seg annleis, og frå å prøve å overleve i sitt eige hovud.
MARTi er oppvokst i Ålesund og har studert ved LIMPI. Ho har skrive musikk både i Norge og USA, og har mellom anna spelt på festivalar som Trondheim Calling og Klubbøya. I 2025 mottok ho Sony Music-stipendet for sitt unike sound og kunstnariske uttrykk.