ANGELICA

Med eit glimt i auget og hjertet på utsida av kroppen, omfamnar ANGELICA dei rotete, vakre og kaotiske tjueåra – ufiltrert, ekte og brutalt relaterbart.

Tenk talemeldingar som vers, og hooks som klistrar seg til deg som glitterøyenskyggen frå gårsdagens fest.

ANGELICA har begynt å gjere seg bemerka i den norske popundergrunnen – ein artist med evna til å blande rå ærlegheit med melodiar du ikkje får ut av hovudet. Musikken til ANGELICA treff både hjertet og dansefoten, og no er den nylig Universal-signerte 23-åringen aktuell med debut-EP-en Dumb Decisions.

Dumb Decisions er lyden av skyldfølelse, tvil og sommarfuglar – servert med glitrande pop­produksjonar og refreng som ropar etter å bli sunge med på. Det er ei reise gjennom kaos og sjølvinnsikt, der ANGELICA jakta på svar på spørsmål vi alle har stilt oss sjølv klokka 02:47.

Forrige
Forrige

CARINA DAHL

Neste
Neste

LUXUS LEVERPOSTEI